UA-69899946-1

På nett med Guvernøren!

Kor er vi? Kor vil vi? Klubbane er grunnmuren i Rotary. Det er der det vert arbeidd, der vi skal verkeleggjere forventningane til det å vere rotarianar.Rotary er klubbane. Det var ein av bodskapane då distriktsguvernør Jostein Osnes besøkte klubben onsdag.

Grunna smittesituasjonen i Bergen var møtet digitalt, med tjuefire frammøtte.                                                                                Oppgåvene i Rotary går på omgang, og kvart år har vi ny guvernør. I år er det Jostein frå Stord Rotaryklubb. Guvernøren følgjer opp klubbane og kjem med siste nytt frå Rotary internasjonalt. Som ledd i førebuingane til å bli guvernør, var Jostein på seminar i San Diego saman med om lag fem hundre andre innkomande guvernørar. Der møtte dei innkomande RI-president, og får med seg hans prioriteringar, motto og mål. RI-president Holger Knaack vil ha fram at Rotary «opens opportunities».

Verdspresidenten er oppteken av å skape innovative klubbar, og at eksisterande klubbar stiller seg spørsmåla «kor er vi og kor vil vi». Det er viktig at dei som kjem som nye medlemmer finn gjenklang av det dei er opptekne av og ønskjer å få ut av å vere rotarianar, slik at det er samspel mellom det klubben kan tilby og det den som ønsker å bli medlem syns er viktig.

Så er det sjølvsagt viktig å gje pengar til «End polio now». For kort tid sidan fekk vi gladmeldinga om at Afrika no er fritt for vilt polio-virus. I Asia er det to land att: Afghanistan og Pakistan. No må vi stå løpet ut.

Som ein av verdas største humanitære yrkesbaserte organisasjonar er Rotary er meir enn ein triveleg møteplass. Målet vårt er å gagne og støtte andre. Det passa òg å minne oss om firespørsmålsprøven, som er sentral i Rotary: Er det sant? Er det rettferdig overfor alle det vedkjem? Vil det skape forståing og betre venskap? Vil det vere til beste for alle det vedkjem?

Det er ganske mange tunge krav i ein sånn test, men vi som rotarianarar har godt av å arbeide med det.

Ein mogleg søknad om TV-aksjonen er på dagsordenen i Rotary i Noreg no, og klubbane og distrikta skal framover ta stilling til om vi/dei vil støtte ein slik søknad. Guvernøren fekk spørsmål, kommentarar og innspel om økonomi, vaksinering, TV-aksjonen og Rotaract.

Med stø hand losa president Terje og "teknikar" Sigbjørn oss gjennom guvernørbesøket. 3-minuttar var ved Turid. Ho framsnakka sydvesten (med Rotary-logo, som du kan kjøpe av Bergen Sydvesten Rotaryklubb), baksnakka/kritiserte paraplyen, og minna om å bruke refleks, også den tilgjengeleg med Rotary-logo.

Takk for besøket, Jostein!


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1