UA-69899946-1

Ungt entreprenørskap

I Rotary er det mange engasjerte menneske som gjerne deler av sin kunnskap og erfaring. Eit av måla med Rotary er nettopp å bruke oss sjølve til å gagne andre. No er fire rotarianarar frå Bergenhus Rotaryklubb i full gang med å mentorere elevar som tek faget «ungt entreprenørskap» ved Amalie Skram vidaregåande skule.


Saman med fire frå Bergen Rotaryklubb rettleiar dei til saman åtte ungdomsverksemder med produkt som spenner frå eingongsladar for mobil til miljøvenleg hårbørste. Det er Bergen Rotaryklubb ved Grete Sæbøe som koordinerer samarbeidet med skulen. Hans Christian Pettersen, med bakgrunn frå bankverksemd, fortel at det viktigaste med prosjektet er at elevane skal lære å registrere eit firma, planlegge verksemda, føre rekneskap, leie møter, skrive referat med meir. Lærarane frå skulen har vore med på å danne dei åtte gruppene. Gruppene skal etablere, drifte og legge ned verksemda fram mot våren neste år.


Under  gruppa Tesso Tech UB som Hans Christian Pettersens mentorerer:


Før oppstart heldt lærarane eit introduksjonsseminar for mentorane utan elevar til stades. Deretter leia lærarane eit møte med elevane kor Grete Sæbøe frå Bergen Rotaryklubb orienterte om Rotary og elevgruppene presenterte seg og prosjekta sine for mentorane. I kjølvatnet av dette vart mentorane fordelt på prosjekt ut frå interesse og bakgrunn.


Harald Håkonsen, som er offiser og har lang fartstid i Forsvaret, er med som mentor for første gang. «Eg meldte meg fordi det er spanande å møte unge som kastar seg ut i det ukjende, i tillegg til at eg har erfaring frå drift av ei mindre verksemd.» Harald fortel at han valde ei gruppe med to jenter og to gutar, leia av ei av jentene. Det var einaste gruppa kor det hadde vore kamp om leiarrolla. Gruppa var svært engasjert og hadde allereie frå starten ønske og planar om både eit fysisk produkt og ein aktivitet. «Sustainable UB» skal skaffe og selge eit miljøvenleg, nyttig og bærekraftig produkt laga av restane av kokosnøtter. Dei skal og arrangere «Bergen miljøfestival» i februar. For å fremje salet og marknadsføre festivalen, vil dei òg delta på julemarknad i Bergen.

Mentoren si rolle er å drive fram prosessen i gruppa, sørge for at det blir ordentlege styremøte, vere støttespelar og litt «djevelens advokat». Sjølv om ei gruppe kan vere veldig kreativ og arbeidssam, kan dei streve med formalia som styrepapir, fordeling av arbeid og tidskritisk linje. Her kan Hans Christian, Harald og dei andre mentorane rettleie og rådgje. Formalia som Brønnøysundregisteret, bankkonto og slikt er det greitt å ha nokon med erfaring til å minne om.

 

Det blir spanande å følgje gruppene framover og heile klubben ønsker både ungdomar og mentorar lukke til med samarbeidet og prosessen.


Rotary – service above self!


Under ser vi bilde fra  Kick-off for elever, lærere og mentorer:


Artikkelen er skrevet av Turid Astrid Reksten og


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1