UA-69899946-1

Noreg – eit lite land i ei stor verd?

Harald Håkonsen vart utfordra  av programkomiteen til å vere ekstra skarp i kanten og provosere klubbens medlemmer om Noregs rolle i verda i dag.  Nordmenn har alltid vore på farten og emigrert, frå vikingane som røva, plyndra og handla, til dagens pensjonistar som slår seg ned i Spania.

Innvandring til Noreg har pågått like lenge, spesielt i Bergen der hanseatane tidleg slo seg opp med handel, og etterkvart storstilt arbeidsinnvandring først på 50-60-talet og seinare med utvidinga av EØS på 2000-talet. Felles trekka med all denne immigrasjonen og emigrasjonen har vore hurtig integrering i lokalsamfunna og bidrag til velferdsstaten. Harald minte oss på at alle som utvandrar gjer det med håp om eit betre liv. Å gå frå $2 til $4 om dagen betyr for mange eit liv ut av fattigdom. Å komme til Noreg med dei gunstige ordningane vi har betyr for mange eit nytt liv for seg men òg for heile familien og landsbyen heime.

Alle større norske byar har i dag avdelingar av Forex eller Western Union, noko vi knapt såg utanfor Oslo for 20 år sidan. Vi høyrer stadig om innvandrarar som investerer i store hus i landsbyen dei flykta frå som dei så flytter tilbake til når dei blir pensjonistar. Men kva skjer no som velferdsstaten er under press, folk snyltar og skattepengane våre, pensjon, trygd og kontantstønad, går til samfunn utanfor Noreg? Kva betyr det at finansielle ordningar for flyktningar er så mykje betre i Noreg enn til dømes i Frankrike eller Polen? Burde vi gjere som Fiji og krevje at alle som landar på Gardermoen har ein returbillett? Eller som Storbritannia og avgrense barnetrygd til høgst to barn? Og kor høgt har vi lov til å skrike når norske pensjonistar sjølve snyltar ved å flytte til Spania, sleppe skatt i Noreg, «gløyme» å betale skatt i Spania, men likevel krevje full dekking av helsehjelp og medisinar? Harald stilte mange vanskelege spørsmål og gjorde sitt beste for å provosere, og etter debatten i etterkant å døme, som varte til folk var langt ute på gata, klarte han det med glans.

Artikkelen er skrevet av Tove Ragna Reksten.


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1