UA-69899946-1

Frå stein til stål - historia om Stein-Yngve

Endeleg var det vår tur til å bli kjent med Stein-Yngve Iversen, og vi fekk serverte heile historia i 10-års sprang frå den spede starten på steintrappa hos mormor til jobben i Smith Stål Vest. Barneåra vart trakka opp i Lindås og i Arna, drabantbyen på landet der tida gjekk med til fotball, båt og fiske. 20-åra gjekk med til førstegangsteneste på Haakonsvern, som etterkvart sklei over i både fagbrev og befalsskule, og bedriftsøkonomstudier på NHH. Etter seks år på fregatt, med spennande og skremmande tenestetid i blokkaden av ex-Jugoslavia, skifta Stein Yngve beite og vart prosjektingeniør i Datainstrument. Litt fordi førstegangstenesta hadde blitt veldig mykje lenger enn planlagt, men mest fordi han og Annette – dei gifta seg i ’94 – fekk trillingar. Med tre små vart det lite tid til å dyrke eigne fritidsaktivitetar, spesielt sidan ei av jentene var alvorleg sjuk i ein periode, men han fann tid til å bygge hus i Åsane og bygge opp gründerbedrifta Metasystems, ein tøff men lærerik periode i eit skipselektronikkfirma som gjekk frå å ha ein pilotinstallasjon til å ha over 100 installasjonar i skip. Selskapet vart seld og Stein Yngve gjentok suksessen som salsdirektør i Sharecat Solutions, eit skylagringsselskap, samtidig som han trente fram landslagsspelar og NorwayCup-vinnarar på jentelaget til Åsane Fotball. Veka før han fylte femti, flytta han og familien inn i nybygd hus i Ytre Sandviken. To av trillingane studerer i Bergen, engelsk og samanliknande politikk, medan den tredje studerer medisin ved NTNU. Og Stein Yngve? Han har gått via sjakkelsmiing hos Gunnebo Anja til dagleg leiing av Smith Stål Vest, endeleg med nok fritid igjen til å dyrke hyttelivet i Austevoll, båtlivet, og fotballivet.

 


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1