UA-69899946-1
Den
femte tjenesteavenyen i Rotary er ”Nye generasjonar”, ei samling program som
skal hjelpe unge menneske på vegen mot å bli gode, samfunnsengasjerte leiarar. Eit av desse programma er Rotary Youth
Leadership Award (RYLA), eit leiarutviklingsprogram med mål om å inspirere,
motivere og utvikle framtidas leiarar. Eit anna viktig program i Bergenhus
Rotary er mentorordninga vi er del av på Amalie Skram VGS gjennom faget ”Ungt
entreprenørskap”. For å lære meir om kva Rotary gjer for ungdommen, kom Haakon
Ervik, leiarspire frå MatNat, og Nora Grønås, ung entreprenør frå Amalie Skram,
saman med Grete Sæbø frå Bergen Syd RK og delte sine erfaringar med oss.
Haakon
er matematikkstudent ved UiB og har i år leia Realistutvalet, det øvste studentorganet
ved fakultetet med ansvar for at 3000 studentar år god oppfølging, har eit bra
læringsmiljø og at fakultetet følgjer dei lover og reglar som er for
studentane. Han fortalte om ei bratt læringskurve som leiar, og kor nyttig RYLA
var for han. Forventningane var høge til å lære meir om leiing og organisasjon,
men det han lærte var noko mykje viktigare: korleis andre oppfattar han,
korleis han er som leiar, og korleis han kan bruke den kunnskapen han har til å
gjere noko bra som leiar for andre. RYLA utrusta han dessutan med mange nyttige
praktiske verkty, slik som samtaleteknikkar, samarbeidsteknikkar og ulike
stilar for leiarskap og når dei bør nyttast.
Nora
har hatt klubbens eigen Harald H som mentor i ungdomsbedrifta ”Sustainable UB”,
ei bedrift som importerte og selde kokosnøttskåler, mellom anna på Bergen
Julemarknad, og arrangerte ein miljøfestival. ”Ung entreprenørskap” er eit
praktisk fag ein kan velje i VG2, der ein skal starte bedrift, etablere den,
gjennomføre og avvikle den i løpet av eit skuleår. Nora fortalte om
utfordringane dei måtte løyse, prosessen med å danne bedriftsgrupper,
registrering av ungdomsbedrifta i Brønnøysundregisteret, korleis dei aktivt
nytta nettverka sine for å hale festivalen i land, og kva tipsa og triksa dei fekk
frå mentor Harald betydde for dei. Harald avslutta med å dele sine erfaringar
med denne gjengen fantastisk dyktige, proaktive elevar.
28. februar 2024
Alois Pichler er professor i filosofi ved UiB. Han er også leder for Wittgensteinarkivet ved UiB. Onsdag 28. februar holdt Pichler foredrag i Bergenhus om Wittgenstein og hans seks arbeidsopphold i Norge.
21. februar 2024
Festkomiteen inviterte til spisemøte på Sumo i Vestre Torvgate onsdag 21.2.
Et godt valg viste det seg. Det ble et hyggelig spisemøte med god mat og uvante spiseredskaper. Jutta Dierkes ønsket oss velkommen i eget lokale i underetasjen i restauranten.
14. februar 2024
Så var det auksjon, og det på selveste Valentinsdagen. Men først var det innlegg fra Francine Mbanza Jensen og Tom Georg Olsen om Unity Spark.
7. februar 2024
Møtet onsdag 7. februar var avsatt til årets auksjon til inntekt for The Rotary Foundation og klubbens internasjonale prosjekt i Tsjad. Værforholdene gjorde detakelsen begrenset, men Eli Høies brød fikk likevel nye eiere til en god pris.
31. januar 2024
VilVite er et ideelt selskap med samfunnsnyttig formål. Formålet er å bygge realfagskapital, inspirere til en yrkesvei med realfagene.
24. januar 2024
Møtet onsdag 24.01 var avsatt til en oppdatering om arbeidet i komiteene. Det er komiteene som styrer med klubbens prosjekter og de fleste aktiviteter. Rapportene viste at det meste er i rute i forhold til planene.
10. januar 2024
Eric holdt et engasjerende og meget interessant foredrag om sitt liv i flere bransjer og med arbeidsfelt over hele verden - ikke minst i USA og i Asia. Men det hele startet i Kamerun
3. januar 2024
Bergenhus Rotaryklubb benyttet første møtet i 2024 til å gjøre seg bedre kjent i Bergenhus Festningsmuseum hvor klubben har sine møtelokaler. Vårt medlem Bjørn Terjessen som er omviser på museet var vert for omvisningen.
13. desember 2023
Årets siste møte i klubben i dette halvåret inneholdt to gode innslag: Presidentens treminutter om Magnus Lagabøter og Rune Bakerviks ballanserte synspunkter om valget i Bergen i høst.
6. desember 2023
I førjulstiden samles Bergenhus Rotaryklubb tradisjonen tro til sitt årlige julemøte. Og hva er vel bedre enn god julemat, god drikke og godt samvær på et lunt og varmt Bergen Tracteursted når minusgradene herjer? Jutta Dierkes ønsket oss velkommen!