UA-69899946-1

Rotary i ungdommens teikn!

Den femte tjenesteavenyen i Rotary er ”Nye generasjonar”, ei samling program som skal hjelpe unge menneske på vegen mot å bli gode, samfunnsengasjerte leiarar. Eit av desse programma er Rotary Youth Leadership Award (RYLA), eit leiarutviklingsprogram med mål om å inspirere, motivere og utvikle framtidas leiarar. Eit anna viktig program i Bergenhus Rotary er mentorordninga vi er del av på Amalie Skram VGS gjennom faget ”Ungt entreprenørskap”. For å lære meir om kva Rotary gjer for ungdommen, kom Haakon Ervik, leiarspire frå MatNat, og Nora Grønås, ung entreprenør frå Amalie Skram, saman med Grete Sæbø frå Bergen Syd RK og delte sine erfaringar med oss.

            Haakon er matematikkstudent ved UiB og har i år leia Realistutvalet, det øvste studentorganet ved fakultetet med ansvar for at 3000 studentar år god oppfølging, har eit bra læringsmiljø og at fakultetet følgjer dei lover og reglar som er for studentane. Han fortalte om ei bratt læringskurve som leiar, og kor nyttig RYLA var for han. Forventningane var høge til å lære meir om leiing og organisasjon, men det han lærte var noko mykje viktigare: korleis andre oppfattar han, korleis han er som leiar, og korleis han kan bruke den kunnskapen han har til å gjere noko bra som leiar for andre. RYLA utrusta han dessutan med mange nyttige praktiske verkty, slik som samtaleteknikkar, samarbeidsteknikkar og ulike stilar for leiarskap og når dei bør nyttast.

            Nora har hatt klubbens eigen Harald H som mentor i ungdomsbedrifta ”Sustainable UB”, ei bedrift som importerte og selde kokosnøttskåler, mellom anna på Bergen Julemarknad, og arrangerte ein miljøfestival. ”Ung entreprenørskap” er eit praktisk fag ein kan velje i VG2, der ein skal starte bedrift, etablere den, gjennomføre og avvikle den i løpet av eit skuleår. Nora fortalte om utfordringane dei måtte løyse, prosessen med å danne bedriftsgrupper, registrering av ungdomsbedrifta i Brønnøysundregisteret, korleis dei aktivt nytta nettverka sine for å hale festivalen i land, og kva tipsa og triksa dei fekk frå mentor Harald betydde for dei. Harald avslutta med å dele sine erfaringar med denne gjengen fantastisk dyktige, proaktive elevar.  


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1