UA-69899946-1
Vi som les nyhende her i Noreg får stadig med oss skytemassakrer og den påfølgande debatten rundt amerikansk våpenlovgiving (43 % av handvåpen i verda er i USA), heftig politisk spel rundt helseforsikring og helseøkonomi (18 % av BNP går til helse, dobbelt så mykje som i Noreg og OECD-gjennomsnittet, men berre 50 % av helsemidlane kjem frå det offentlege), og generell offentleg skittentøysvask og ekstrem polarisering i politikken. Professor Svåsand forklarte korleis USA skil seg frå andre vestlige samfunn med den typiske ”American exceptionalism”, der individualisme og liberal styringsorden står svært sterkt.
I USA er ikkje nasjonal identitet knytt til territorium, språk eller historie, men heller trua på dei rettane ein har som borgar i USA. Nasjonalkjensla står sterkt, skuleelevar må stå ved pulten kvar morgon og sitere ”the Pledge of Allegiance”, men denne patriotismen står i sterk kontrast til motstanden mot all statleg innblanding og styre. Som det einaste vestlege landet som aldri har hatt eit sterkt sosialistisk parti, er haldningane til kva som er statlege oppgåver radikalt annleis enn i Europa. Men korleis forklarer desse samfunnsskilnaden tilbakegangen vi ser i USA? Korleis kan vi studere tilbakegang i eit samfunn? Kva går eigentleg tilbake?
I Europa er religion på
tilbakegang, under 50 % i Nord-Europa meiner religion er viktig i dagleglivet,
mens over 80 % i USA meiner det er svært viktig. Økonomien i USA har vore
relativt stabil frå 1970 til 2009, der Europa har kome ut som taparen i
kappløpet med Asia. Men sjølv om USA ikkje opplever ein absolutt tilbakegang,
er den relative tilbakegangen stor – handelsbalansen har gått i minus dei siste
tretti åra og frå å vere nesten einerådande på eksportmarknaden på 60-talet, møter
dei no hard konkurranse frå Kina.
USA er framleis verdas største militærmakt, men ytre og indre faktorar har bidrege til det vi oppfattar som ein tilbakegang i samfunnet. Vietnamkrigen var ein stor psykologisk set-back for mange; til trass for overlegen teknologi og militærkraft, tapte USA. Internt har politiske kriser, slik som Watergate, knust folkets tillit til politikarane, og politikken blir meir og meir polarisert. Det skjer ei dramatisk endring i den etniske samansetninga, og etnisk splitting er eit stort problem. Dessutan aukar dei økonomiske skilnadene, velstanden har auka meir for dei rikaste (1 %) enn for dei neste 19 %, og inntektsskatten for dei rikaste går stadig ned.
Vi har nok alle
ein glansbileteidé om kva og korleis USA er, vi har alltid sett opp til USA og
tenkjer nok at alt var så mykje betre der før, men vi må ikkje gløyme at USA
aldri har vore allmektig eller at situasjonen i dag kanskje ikkje er så gale.
Som professor Svåsand påpeikte, USA har det beste helsetilbodet i verda (om du
har råd til det), driv innovasjon og forsking, og innehar plass nummer 10 på
Human Development Index.
Artikkelen er skrevet av Tove Ragna Reksten.
Svåsands presentasjon kan man studere her:
21. februar 2024
Festkomiteen inviterte til spisemøte på Sumo i Vestre Torvgate onsdag 21.2.
Et godt valg viste det seg. Det ble et hyggelig spisemøte med god mat og uvante spiseredskaper. Jutta Dierkes ønsket oss velkommen i eget lokale i underetasjen i restauranten.
14. februar 2024
Så var det auksjon, og det på selveste Valentinsdagen. Men først var det innlegg fra Francine Mbanza Jensen og Tom Georg Olsen om Unity Spark.
7. februar 2024
Møtet onsdag 7. februar var avsatt til årets auksjon til inntekt for The Rotary Foundation og klubbens internasjonale prosjekt i Tsjad. Værforholdene gjorde detakelsen begrenset, men Eli Høies brød fikk likevel nye eiere til en god pris.
31. januar 2024
VilVite er et ideelt selskap med samfunnsnyttig formål. Formålet er å bygge realfagskapital, inspirere til en yrkesvei med realfagene.
24. januar 2024
Møtet onsdag 24.01 var avsatt til en oppdatering om arbeidet i komiteene. Det er komiteene som styrer med klubbens prosjekter og de fleste aktiviteter. Rapportene viste at det meste er i rute i forhold til planene.
10. januar 2024
Eric holdt et engasjerende og meget interessant foredrag om sitt liv i flere bransjer og med arbeidsfelt over hele verden - ikke minst i USA og i Asia. Men det hele startet i Kamerun
3. januar 2024
Bergenhus Rotaryklubb benyttet første møtet i 2024 til å gjøre seg bedre kjent i Bergenhus Festningsmuseum hvor klubben har sine møtelokaler. Vårt medlem Bjørn Terjessen som er omviser på museet var vert for omvisningen.
13. desember 2023
Årets siste møte i klubben i dette halvåret inneholdt to gode innslag: Presidentens treminutter om Magnus Lagabøter og Rune Bakerviks ballanserte synspunkter om valget i Bergen i høst.
6. desember 2023
I førjulstiden samles Bergenhus Rotaryklubb tradisjonen tro til sitt årlige julemøte. Og hva er vel bedre enn god julemat, god drikke og godt samvær på et lunt og varmt Bergen Tracteursted når minusgradene herjer? Jutta Dierkes ønsket oss velkommen!
29. november 2023
I Bergenhus Rotaryklubb gjøres det mye godt arbeid av klubbens komiteer både innad i klubben og i prosjekter utenfor klubben. Kveldens møte var fylt opp med spennende og relevante nyheter.