UA-69899946-1

USA - fra supermakt til avmakt?

Professor emeritus Lars Svåsand frå institutt for samanliknande politikk ved UiB fekk eit stort oppdrag frå Bergenhus Rotary-klubb: å forklare utviklinga vi ser i USA, frå eit samfunn i velstand og velmakt til ein nasjon med indre konflikt og spenningar.

Vi som les nyhende her i Noreg får stadig med oss skytemassakrer og den påfølgande debatten rundt amerikansk våpenlovgiving (43 % av handvåpen i verda er i USA), heftig politisk spel rundt helseforsikring og  helseøkonomi (18 % av BNP går til helse, dobbelt så mykje som i Noreg og OECD-gjennomsnittet, men berre 50 % av helsemidlane kjem frå det offentlege), og generell offentleg skittentøysvask og ekstrem polarisering i politikken. Professor Svåsand forklarte korleis USA skil seg frå andre vestlige samfunn med den typiske ”American exceptionalism”, der individualisme og liberal styringsorden står svært sterkt.

I USA er ikkje nasjonal identitet knytt til territorium, språk eller historie, men heller trua på dei rettane ein har som borgar i USA. Nasjonalkjensla står sterkt, skuleelevar må stå ved pulten kvar morgon og sitere ”the Pledge of Allegiance”, men denne patriotismen står i sterk kontrast til motstanden mot all statleg innblanding og styre. Som det einaste vestlege landet som aldri har hatt eit sterkt sosialistisk parti, er haldningane til kva som er statlege oppgåver radikalt annleis enn i Europa. Men korleis forklarer desse samfunnsskilnaden tilbakegangen vi ser i USA? Korleis kan vi studere tilbakegang i eit samfunn? Kva går eigentleg tilbake?

I Europa er religion på tilbakegang, under 50 % i Nord-Europa meiner religion er viktig i dagleglivet, mens over 80 % i USA meiner det er svært viktig. Økonomien i USA har vore relativt stabil frå 1970 til 2009, der Europa har kome ut som taparen i kappløpet med Asia. Men sjølv om USA ikkje opplever ein absolutt tilbakegang, er den relative tilbakegangen stor – handelsbalansen har gått i minus dei siste tretti åra og frå å vere nesten einerådande på eksportmarknaden på 60-talet, møter dei no hard konkurranse frå Kina.

USA er framleis verdas største militærmakt, men ytre og indre faktorar har bidrege til det vi oppfattar som ein tilbakegang i samfunnet. Vietnamkrigen var ein stor psykologisk set-back for mange; til trass for overlegen teknologi og militærkraft, tapte USA. Internt har politiske kriser, slik som Watergate, knust folkets tillit til politikarane, og politikken blir meir og meir polarisert. Det skjer ei dramatisk endring i den etniske samansetninga, og etnisk splitting er eit stort problem. Dessutan aukar dei økonomiske skilnadene, velstanden har auka meir for dei rikaste (1 %) enn for dei neste 19 %, og inntektsskatten for dei rikaste går stadig ned.

Vi har nok alle ein glansbileteidé om kva og korleis USA er, vi har alltid sett opp til USA og tenkjer nok at alt var så mykje betre der før, men vi må ikkje gløyme at USA aldri har vore allmektig eller at situasjonen i dag kanskje ikkje er så gale. Som professor Svåsand påpeikte, USA har det beste helsetilbodet i verda (om du har råd til det), driv innovasjon og forsking, og innehar plass nummer 10 på Human Development Index. 

Artikkelen er skrevet av Tove Ragna Reksten.

Svåsands presentasjon kan man studere her:


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1