UA-69899946-1

Gull for klubben med ein NM-sølvvinnar!

Med ein biletserie som viste glimt frå oppveksten og innblikk i jobb og fritid fanga Randi merksemda til dei nesten tretti frammøtte då det var hennar tur å ha ego-føredrag. Ego-føredrag høyrast kanskje egoistisk ut, men det er faktisk motsett!

Desse føredraga er ofte eit høgdepunkt fordi føredragshaldaren, som ofte er ny i klubben, deler av seg og sitt med resten av gjengen. Føredragshaldaren fortel om sitt liv og virke og vi blir kjende med personen og får innblikk i eit yrke annleis enn vårt eige. Med gode bilete og illustrasjonar tok Randi oss med gjennom si varierte teneste i Forsvaret. Den unge offiseren og kompanisjefen lyfta fram si interesse og engasjement for leiarskap og kva god leiing er.

Randi trekte fram verdien av å ha gode mentorar. Gjennom mange år har ho både studert og praktisert leiing, og ho har hausta arbeidserfaring nasjonalt og internasjonalt. Med på vegen har ho hatt eit sterkt medvit om spørsmåla «Kva er ein god leiar?» og «Kvifor skal folk følgje meg?» «Ver ein god leiar for folka dine. Då hjelper dei deg vidare.» fekk ho til svar då ho spurde ein mentor om kva som skal til for å bli general. Å sjå etter og å ta utfordringar som dukkar opp, kjenneteiknar Randi. Lite visste vi om at ein tilfeldig førespurnad og sporty innstilling førte til at ho vann NM-sølv i skeleton/aking for nokre år sidan. Elles er det symjing som har vore hennar hovudidrett.

Vi har hatt gleda av å ha Randi i klubben ei stund, og er glade for at ho ville bli rotarianar! Ho trekkjer fram at Rotary opnar verda og horisonten, og legg til rette for å lære noko nytt av kvarandre og føredrag. Og under ego-føredraget til Randi lærte mange av oss mykje nytt, både om Forsvaret, jobben til Randi og ho sjølv. Føredragshaldaren stilte med passande øyredobbar kjøpte på distriktskonferansen i helga.

Randi Solberg og Innkommende president Harald Goldstein etter foredraget.


Teksten til dette oppslaget er forfattet av Turid Astrid Reksten.


 
RotaXion på bølgjan blå

8. juni 2023

RotaXion på bølgjan blå

Rotaxion- komiteen fortsetter sine aktiviteter i samarbeid med NY-Krohnborg skole. Siste aktivitet var seiltur med Bergen Seilforening. 13 elever fikk en uforglemmelig opplevelse på Raunefjorden.

Alberts egoforedrag!

7. juni 2023

Alberts egoforedrag!

Onsdag var det Stein Albert Nielsens tur til å holde sitt egoforedrag. Stein Albert, som ofte bare kaller seg Albert, gav oss en god innsikt i sitt liv. Vi satt igjen med et godt inntrykk av en engasjert person med en stor familie og mange interesser.

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

31. mai 2023

Årets blåtur - en uvanlig opplevelse

Årets blåtur, arrangert av klubbens festkomite med Bjørn Terjesen i spissen, ble en minnerik kveld full av flotte opplevelser der Rotary's motto "service above self" sto i sentrum.

På besøk hos Vestland fylkeskommune

24. mai 2023

På besøk hos Vestland fylkeskommune

25 medlemmerr av bergenhus Rotaryklubb møttes i allmenningen til det nye fylkesbygget til Vestland fylkeskommune. Der ble vi tatt godt imot av Solveig van der Mark som også viste oss rundt i huset. Solveig er leder for kontor og fellesfunksjoner.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bergenhus Festningsmuseum
Adresse: Bergenhus 30
Postnummer: 5003
Sted: Bergen
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...
UA-69899946-1